GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

15. september 2023

Sjønær 2023

VELKOMMEN og fredagstaco

8-10 sept. vart det arrangert Sjønærfestival på Runde Miljøsenter for 2. gong, og i år vart eg med. Det er i hovudsak Herøy dykkerklubb, Njord Freediver og Opplev Runde som står bak denne festivalen in spe, med Herøy Kajakklubb som bidragsyter. Tema er sjølvsag sjønære aktivitetar på, i, under og kring havet. Filosofien er enkel - det vi kjenner til og bryr oss om, det tek vi og vare på.

Litt spente dro eg og eldsta avgarde utan anna mål eller meining enn å ha ei kjekke helg, og kanskje og bli kjent med nye fjes, som det for oss var flest av. Og det er alltid litt spennende. Men ikkje så  langt ut i fredagstacoen var praten godt i gang, og stemninga god.


Denne fine gjengen skal vi tilbringe helga med!


God natt frå hotellet og ny dag i vente...



DAG 1: YOGA, SJØNÆRT, STORYTELL OG SILENT DISCO 

Laurdagen var tettpakka med ulike aktivitetar. Først på programmet var morgonyoga med Kishore kl 07.30. Vi var overraskande monge som karra oss opp tidleg og fekk ein nydeleg start på dagen. Etterpå vart det felles frukost på Miljøsenteret før aktivitetane tok til

Fantastisk soloppgang før yoga


Kishore tok oss gjennom ein roleg time med yoga.

Medan Åse bestemte seg for å bli med på Coasteering, ville eg freiste å få meg ein liten tur på havet med Edd og Joakim. Eg vert for lett sjøsjuk til å bli med på dykking ut mot storhavet frå båt, så då er kajakk eit betre alternativ. Dessutan var eg spent på sjå den nye kajakken som Edd har utvikla sjølv, og som han i desse dagar reiser rundt og promoterer, for den skal nemleg ut på verdsmarknaden!! Kor kult er ikkje det?! Meir om historia bak kajakken kan du sjå her. Den første turen eg hadde i kajakk ute på Runde var forresten på ein liknande dag som denne - strålande sol og rett mykje bølger - og Edd var med den gongen og. Det er nokre år sidan, så kjekt med litt mimring.

Edd med "Alnes Ocean" frå Edge Kayak.

Off we go! Joakim i gliset til Edd! Og det er IKKJE flatt hav..

Joakim er fornøgd - Alnes Ocean trives i bølger!

Legg merke til Edd i bakgrunnen, som har all sin fokus på brottet..


Det er dette Edd har hatt i tankana når han utvikla Alnes Ocean - leik!

Etter at karane hadde fått leika seg litt mellom kule steinformasjonar (som eg ikkje finn namnet på), stilar vi vidare mot grottene under Rundebranden. Det er litt for lenge sidan eg har vore ute i sopass stor sjø (som sjølvsagt ikkje vises på bilete) og eg slappar ikkje heilt av.... Det vart lite fotografering på resten av turen for å seie det slik...Til mitt forsvar kan eg legge til at dykkarane (det var både fridykkarar og apparatdykking) som eigentleg hadde sett seg ut grottene som ein høveleg turmål i dag, ombestemte seg etter å ha vore ute og sjekka...

Rotet sjø så langt auge rekk, og dit grottene er...


Joakim og Edd berre måtte..Foto: Edd

Det ser smått ut, men kjennes stort....Foto: Edd

Det er bra kraft i bølgene. Her på returen.

Attende til start og smulere farvatn.


Etter ein kjekk tur på vatnet og litt testing av Alnes Ocean i fjøresteinane (svingar på 5-øringen og verkar veldig stabil!), bar det attende til Runde Miljøsenter for å høyre historia til mellom anna Edd. Etter foredraga var det tid for festivalmiddag og meir sosialisering. Cecil frå Miljøsenteret hadde ei overrasking på lur: Silent Disco. Alle vert utstyrt med eige høyretelefonar der ein kan justere volumet sjølv, medan ein høyrer på same musikk. Artig oppleving og eit konsept vi med migrene godt kan like!! Avslutingsvis vart det omvisning i utstillinga på Miljøsenteret med Johannes, før vi tok kvelden.

Ein tam ungmåse ynskjer velkommen...

Fyrst ute var Edd Bjørke og Edge Kayak

Kim André Sund har vunne fleire prisar for sine flotte bileter.

Oceanograf Jenny Ullgren heldt eit engasjerande foredrag om sitt forhald til miljø og havet.

Festivalmiddag!

Silent disco. Artig og sært!

Nattevandring på Miljøsenteret. Johannes fortel om Rundeskatten.

DAG 2: Ny dag, nye moglegheiter!

Søndagen starta vi med vaffelfrukost på Miljøsenteret, før vi gjorde oss klare til familiedag og kom og prøv! Herøy Dykkerklubb, Njord Freediver, Opplev Runde og Herøy Kajakklubb stilte mannsterke opp til dei ulike aktivitetane. Her kunne ein komme og prøve padling, fridykking, SUP eller coasteering. Og det heilt gratis! Eg var sjølvsagt medhjelpar hjå Herøy Kajakk Klubb. Litt stilt i starten, men etterkvart kom det ein del folk og ville prøve.

Vaffel- og svelefrukost

Då er vi klare til å freiste folk med kajakk!

Mads instruerer.


Åse ville prøve fridykking

Her ligg dei og vakar i vannskorpa..

Godt fornøgd etterpå. Her med Tore Olav.

Sjønær vart ei flott oppleving. Vi var heldige med været og hadde sommartemperaturar heile helga. Maten dei laga til oss på Miljøsenteret var over middels bra - sunt og smakfullt - men det var først og fremst folka som gjorde opplevinga kjekk. Laidback, men godt organisert, flott variasjon i programmet og eigentleg rett mykje for pengane. Kortreist morro mao, og vi kjem gjerne attende!


26. august 2023

Overnattingstur til Kvitøya

Fellesferien har vore til dels våt i år, og få høve til telting. Men når ferien var over bestemte sommarene seg for å komme på besøk att, og det låg lageleg til for tur. Dessutan har vi nettop hatt bursdag både to, og det må sjølvsagt feirast.

Merete og eg bestemte oss for ein overnattingstur på Kvitøya med start frå Osnessanden. Dette er ein utruleg fin tur eg ikkje har teke på ei stund. I nydeleg vær la vi av garde innover mor Kvitøya i kveldinga.

Merete ved lampa på Boholmen


Ikkje berre vi som nyter fineværet!

Ikkje heilt sikker, men trur vi er ved Skreddarholmen her.

Ein liten rekognoseringsrunde ved Kvitøya før vi går på land.

Det er berre lekkert når vi stig på land. Stilt og fint. Vi får opp telta, og tek oss ein dukkert før vi lagar til mat. Sjølvagt med planar om å sitte på berga og kose oss utover kvelden med kvar vår bursdagsskål. Men det går ikkje. Vi klarer å ignorere knotten medan vi et, men den tiltar i styrke etterkvart som sola går ned. Til slutt gir vi opp og køyer kl 10 på kvelden. Sjølv om sumarnatta enno er lys....


Vi vaknar til strålande sol, sydentemeratur og ein mild, svalande bris. Knotten er borte og det er fantastisk herleg å sitte på svaberga å kose seg i sola med ein kopp nykokt kaffi. Etterkvart vert det frukost og - egg og bacon på tur vert aldri feil!!





Når frukosten er unnagjort og brorparten av nedpakkinga er klar, kjem Mildrid og Aili på besøk. Desserten som var tenkt i går, men droppa pga  knotten, kjem til sin rett no. Og så kosar vi oss endå ei lang stund før vi må heim att, medan besøket blir att for å nyte sommaren.

Mildrid og Aili kjem på besøk!



Tilbake på Osenssanden att!

På heimvegen er det mykje trafikk på sjøen. Trebaatfesitivalen i Ulsteinvik trekk til seg sjøfarande i hurtiggåande glasfiber så vi må faktisk følge litt med. Men det er ikkje verre enn at vi kjem oss trygt heim att. Så fekk eg ein liten smakebit av ferie likevel - det har vore lite av det i sommar. Godt å ta med seg no når hausten er like om hjørnet.

Tusen takk for utruleg triveleg tur - vonar det vert fleire slike!

23. juli 2023

Morgondykkert på Roppesanden


Marko er dykkesjuk og lurer på om nokon kunne tenkje seg å dykke tidleg søndag morgon? Runde eller Flø er aktuelt. Om eg skal stå opp kl 05.00 på morgonen freistar det mest med Flø ettersom det berre er ein kort køyretur. Og Flø vert det.

Vi møtast kl 05.45 på Roppesanden. Det er no og i kveldinga det er stillast utpå, og det er då det er kjekkast å dykke. Flø er berre lekkert - også under vatn. Stor fin tareskog, krittkvit skjellsand og ein og anna fisk. Og i dag: mengder med glasmanet (eller vassgopler som dei seier her omkring - du høyrer nesten på lyden av ordet kva det er for skapning...). Det er så vakkert så vakkert.

 Det er litt drag i sjøen, så eg er spent på sjøsjuka. Lurt å komme seg vekk frå grunna så fort som råd er. Det er ikkje så djupt der vi snorklar, men midt i blinken for meg. Eg tek nokre dykk og til mi store glede går det fint både å komme seg lett ned og å utlikne. Men å både ta bilete og å dykke samstundes klarer eg ikkje enno. Eg finn framleis ikkje heilt roen. Til slutt må eg gi meg - sjøsjuke på veg, så best å komme på land mens leiken enno er god.

Eit kort, men fint dykk! Og takk for kjekt selskap Marko!








25. juni 2023

Jonsokfeiring midtfjords

Midtsommar nærmar seg, været er fint og eg har ingen planar. Jonsokaftan kjem og går over til dagen derpå utan at eg har fått sett eit einaste Jonsokbål. Heldigvis har bålgjengen på Slinningen som tradisjon dei siste åra venta med å tenne bålet sitt på laurdagen som ligg tettast opp til Jonsok - noko som i år vil seie dagen etter den 23. Og når Lene likt med meg har lyst på kortreist telttur i finværet, kjem sjølvsagt telting på Langevågsholmane for å sjå på Slinningsbålet som ein opplagd idé for tur.

Vi klarer faktisk i løpet av ein halvtime å legge planar for kvelden. Lista for turen ligg så låg som det går. Kor tid må vi møtast for å være klare til å nyte bålet, og kor lite mat og utstyr kan vi klare oss med? Vi er både litt rustne og har haudet heilt andre stader enn der det bør være, så det må være enkelt.

Eg brukar resten av dagen til pakking. Alt går tregt, men eg trur eg har fått med meg alt i det eg reise heimefrå. Når eg pakkar kajakken vert forvirringa total. Kor er teltet? Eg finn stengene, men kor er teltet? Eg var brennsikker på at eg tok det med meg. Men men. det er fint vær, eg har både liggeunderlag og jervenduk så eg skal nok overleve. Om det ikkje er for mykje knott då....Det får stå sin prøve. Vi legg utpå speilblank fjord og nyt kvelden.

Klar for tur!

Blikkstille!


Vi er ikkje dei einaste utpå i kveld. Det kjem båtar på veg utover jamt, og dei held høg fart. Det er ikkje berre berre å krysse leia i kveld. Vi skal jo helst krysse på så kort tid som mogeleg, men samstundes må vi vente og la båtane passere. Vi er ikkje akkurat veldig lett å sjå når baugen står høgt og det fossar kvitt rundt. Men vi bergar det óg.


Kryssing av leia! Her er det berre å passe på....!

Det kjem båtar over alt i dag. Her har vi komme oss over til Langevågsholmane.

Vikingskip i motlys til høgre...

Vi vil ha best mogeleg utsikt mot Slinningsbålet så vi stilar vestover.


Vi er heller ikkje dei einaste som har komme på ideen om å telte på Langevågsholmane.....Vi må leite litt før vi finn ein holme som innfrir krava, men vi finn han til slutt! Eg fann heldigvis også teltet - sjølvsagt pakka annleis enn det eg brukar så det må eg nesten berre slutte med...

Vi kosar oss på holmen vår, griller pølser og nyt sommarvarmen. Det aular av båtar borte ved Slinningsbålet og vi er i grunn litt glade for at vi ikkje befinn oss midt oppi galskapen i år. Det er like fint å sitte trygt og godt på ein holme, når utsikta uansett er upåklagelig! Vi held ut til bålet har kollapsa - det gjekk relativt fort i år - køyer og prøver å lukke øyrene for folk og fugl så godt vi kan.

Pølsegrilling (steiking) på primus!

Skål for årets lengste dag! Eller kortaste natt....

Slinningsbålet rett tv bak staken. Sjekk alle båtane!!

Endelig er det god fyr i bålet!


Det ser kanhende idyllisk ut å telte på svaberg, men der ER mjukare å sove på lyngheiene.....Eg vaknar grytidleg til fantastisk sommarvær og kan like godt stå opp. Eg rekk å drøse ei stund i sola og få meg ein dukkert før det er liv i naboteltet og frukost. Nedpakkinga går like tregt som dagen før - det hjelp liksom ikkje med ei heller kort natt, men eg får sette det på kontoen for reetablering av gløymte rutiner. 

Sånn ca halv fire på morgonen. Endeleg stilt både frå tjeld og folk.


Det ryk enno godt frå bålet halv åtte på morgonen.

Heimvegen vert utnytta til å leite etter fleire potensielle teltplassar. Vi vil jo helst ha både utsikt til Slinningsbålet OG havet, samt ein høveleg landingsplass og flater nok til fleire telt. Vi ser oss ut nokre potensielle stadar så får vi sjå då når det er aktuelt å teste dei ut.


Litt rekognosering etter andre teltplassar på tur heim att må til.

Vi finn nokre...

....men konkluderte med at vi nok allereide hadde funne ei av dei beste teltplassane her ute.

Tilbake ved Borgundkaia.

Vi kjem tilbake til start sånn passe ut på formiddagen. Vi har ikkje vore på tur i meir enn knappe 17 timar og det kjennest ut som om vi har vore på ein aldri så liten ferie. Ikkje har vio padla langt heller, men denne turen scorer høgt på kvalitet likevel. Takk for flott tur - dette kan vi trygt gjenta!!